Midt mellom Seamen’s Reading Room og Frelsesarmeen låg Folkets hus strategisk plassert i sentrum. Det monumentale bygget var teikna av arkitekt Gustav Helland og reist på dugnad av medlemmene i Sauda Fabrikkarbeiderforening, avdeling 31 av Norsk Kjemisk Industriarbeiderforbund. Som gutunge budde eg to hus lenger borte i same gata og gjekk forbi den staselege fasaden mange gonger om dagen. Då virka det lukka og stengt, huset låg stolt og høgtidleg lik ei borg, før dørene opna seg mot kveld.
Folkets hus var storstova til arbeidarrørsla – og inngangen til Kunsten.