Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Folkets hus var storstova til arbeidarrørsla – og inngangen til Kunsten.

Store sal

FOLKEMØTE OG DANS: Folkets hus i Sauda var stillferdig fagforeiningskontor på dagtid, folkemøte om kvelden og liv og leven i helgene, skriv Kjartan Fløgstad. FOTO: SISSEL M. RASMUSSEN, FRÅ BOKA «FOLKETS HUS» SisselM.Rasmussen

Midt mellom Seamen’s Reading Room og Frelsesarmeen låg Folkets hus strategisk plassert i sentrum. Det monumentale bygget var teikna av arkitekt Gustav Helland og reist på dugnad av medlemmene i Sauda Fabrikkarbeiderforening, avdeling 31 av Norsk Kjemisk Industriarbeiderforbund. Som gutunge budde eg to hus lenger borte i same gata og gjekk forbi den staselege fasaden mange gonger om dagen. Då virka det lukka og stengt, huset låg stolt og høgtidleg lik ei borg, før dørene opna seg mot kveld.