DebattKjønnAnne Kalvig, professor Universitetet i Stavanger og Kamilla Aslaksen, førstamanuensis Høgskolen i Innlandet
Sju akademikarar og transaktivistar rår i Klassekampen 31. mars redaksjonar til å stengja spaltene for meiningsbryting kring kjønnsidentitetsideologi. Dette overraskar ingen. Me har i ei rekkje innlegg, både i Klassekampen og andre stader, påpeikt korleis transaktivistar freistar å hindra debatt om medisinsk eksperimentering på barn, og om korleis kjønnsidentitetsideologi undergrev kvinner sine menneskerettar.