Denne veka vert eit forslag frå Framstegspartiet handsama på Stortinget, eit forslag som laksenæringa er svært nøgd med. Partiet vil forsøkje å stogge den omstridde nye lakseskatten som næringa kjempar ein innbiten kamp mot.
I forkant av dette Frp-forslaget har nestleiar Søviknes spelt ei rolle som tilretteleggjar mellom laksenæringa og stortingsgruppa til Frp. Dette har han gjort samstundes som han vart betalt av Eide Fjordbruk for å påverke Stortinget om skatt for laksenæringa.
– Her har eg hatt to hattar, og eg har vore heilt open om det. Stortingspolitikarane det gjeld, har vore fullt klar over dei ulike rollene eg har hatt.
– Har blandinga av dei to rollene bydd på nokre utfordringar?
– Nei, det har gått veldig greitt, seier Søviknes.
Den tidlegare olje- og energiministeren sit ikkje på Stortinget, men er ein av to nestleiarar i Frp. Som ny jobb har han starta eit konsulentselskap som i hovudsak har blitt leigd inn av oppdrettsselskapet Eide Fjordbruk.
Involvert i to møte
20. januar vart det arrangert eit møte mellom stortingspolitikarar i Frp og ulike representantar for oppdrettsnæringa. I forkant av møtet gav Søviknes innspel til Frp om kven dei burde invitere til møtet. Søviknes seier han sjølv ikkje var til stades på møtet.
11. februar arrangerte Søviknes eit «miniseminar» om utfordringane med den nye lakseskatten, der stortingsrepresentantar frå alle partia fekk treffe næringa for å høyre deira innvendingar mot den nye skatten. Forslaget går ut på å setje ein brems på den omdiskuterte lakseskatten, for å greie ut konsekvensane for næringa nøyare.
Etter desse møta, der Søviknes har vore både lakselobbyist og nestleiar i Frp, kjem det altså eit representantforslag i Stortinget som laksenæringa er nøgd med.
Har lobba i fleire saker
Stortingsrepresentantane Helge André Njåstad og Sivert Bjørnstad seier til Klassekampen at det er dei og tre andre Frp-representantar som har forma ut forslaget, ikkje Terje Søviknes.
Søviknes seier til Klassekampen at denne saka ikkje er den einaste der han har fått betalt for å drive påverknadsarbeid opp mot partiet der han også er nestleiar.
– Ja, eg har jobba med mange saker som konsulent for Eide Fjordbruk, til dømes i saker knytt til konsesjonsordninga for lukka anlegg i sjø, der eg har jobba opp mot alle partia. Då har eg vore tydeleg på at eg har ei dobbeltrolle, seier Søviknes.
Også Njåstad meiner rolleblandinga er uproblematisk.
– Vi har jo ikkje yrkesforbod for politikarar her i landet, og vi ønskjer faktisk folk frå næringslivet velkomne inn i politikken.
– Kor mykje dialog har du hatt med Søviknes i rolla som konsulent for oppdrettsnæringa, og kor lett har det vore å skilje den kontakten frå rolla hans som nestleiar i partiet?
– Eg har hyppig kontakt med han, og det har gått veldig fint. Det er ikkje noko problem å skilje dei to rollene. Det er heilt uproblematisk, seier Njåstad.
Vil stogge skatten
Det var regjeringa til Erna Solberg som først la fram eit forslag som vil gje oppdrettsselskap mykje meir i formuesskatt enn dei har i dag, og Støre regjeringa har haldt fram med arbeidet.
Sjølv om laksenæringa er ei av dei næringane som tener mest pengar her i landet, har dei motsett seg skatten kraftig. Næringa meiner at den nye skatten vil føre til utflagging til utlandet, samanslåing av mindre lokaleigde selskap og mindre nyskaping i næringa.
I fleire tidlegare saker i Klassekampen stiller økonomiprofessor ved Noregs handelshøgskole (NHH) Jarle Møen seg spørjande til desse påstandane.
Han peikar på at laksenæringa går så det grin og har råd til å betale meir i formuesskatt.
Søviknes seier at han har hatt dialog med alle partia på Stortinget om havbruksnæringa sitt syn på skatten, og han meiner at det særleg i Senterpartiet også byrjar å røre på seg. Tidlegare har næringspolitisk talsperson i Sp Geir Pollestad vore tydeleg på at dagens regjering kjem til å innføre skatten.
– Stadig fleire ser heldigvis no at denne skatten vil råke dei familieeigde oppdrettarane, seier Søviknes.



