Her i avisa den 31. mars skriv Eirik Høyer Leivestad om krigen i Ukraina og kampen mot oligarkveldet. Han har etter kva eg kan sjå tre hovudpoeng. Først, at den russiske invasjonen har legitimert Nato sin Ukraina-politikk dei siste tredve åra, nest at krigen i Ukraina er ein krig «for demokratiet», sist at dei tiltak som no vert fatta, er eller kan verte ein del av ein meir alminneleg anti-oligarkisk vending.