Kvinnefotballen er i sterk vekst dei seinaste åra. Frå å byggje seg opp sjølv utanfor dei store klubbane har fleire av dei leiande klubbane i kvinnefotballen gått inn i dei store klubbane på herresida. Regjerande seriemeister Sandviken har slått seg saman med nedrykkslaget Brann, og Trondheims-Ørn har gått inn i Rosenborg. FK Haugesund har avvist førespurnadar frå Avaldsnes, men satsar på å byggje opp eit eige kvinnelag. Lillestrøm slo seg i 2010 saman med det som vart starta i 1989 som Setskog/Høland, og Vålerenga har hatt kvinnelag lenge. Framleis finst det gode miljø i klubbar som Arna/Bjørnar, Klepp og Røa utanfor dei store klubbane.