Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Pengane

  • Denne helga vann Istanbul Basaksehir serien i Tyrkia. Det er ein gamal kommunal klubb skipa for 30 år sidan som endeleg tok steget opp og vart éin av berre seks klubbar som har vunne den tyrkiske ligaen. Det høyrest ut som ei vakker oskeladdsoge om den vesle klubben som hamlar opp med gigantane. Det er det motsette. Basaksehir er ein klubb så hata at han kan sameine dei verste supporterkonfliktane i Istanbul og med det i verda. Basaksehir er ein gjennompolitisert klubb med den viktigaste tilhengjaren ein kan ha: president Recep Tayyip Erdogan. Mannen til niesa hans er president av klubben, hovudsponsoren er eit universitet grunnlagt av helseministeren.