Når folk møtest og seier hei, gjev dei til kjenne at dei reknar kvarandre som ein rettmessig del av omgjevnaden sin. Og sidan det å helsa på nokon inneber eit ønske om god helse, er jamvel eit lite nikk ei nådig godkjenning av den andre, ei oppmoding om å halda fram med å gå levande omkring på jorda.