Kommentar

Trappescene

Den historiske ironien er mørk i Ukraina-krigen.

ODESA UNDER ÅTAK: Scene frå massakren i «Panserkrysseren Potemkin» (1925). FOTO: CINEMATEKET ODESA UNDER ÅTAK: Scene frå massakren i «Panserkrysseren Potemkin» (1925). FOTO: CINEMATEKET

Kunst kan skriva historie i ein scene. Det gjorde Sergej Eisenstein med trappescenen i Odesa frå «Panserkrysseren Potemkin (1925). «Russland planlegg å bomba Odesa … Odesa!» sa president Volodymyr Zelenskyj i ein av sine effektfulle videotalar sist søndag. Den tidlegare skodespelaren tenkte nok på mykje meir enn Eisensteins klassiske film. Bynamnet Odesa rommar argument nok til å romma heile det absurde gapet mellom den russiske grunngjevinga for åtaket på Ukraina og realitetane i krigen. Stadnamn som dagleg blir nemnde i krigsrapportane, vekkjer minne om fleire omveltingar av Europa, og dei kling alle av mørk historisk ironi. Eitt av namna er Odesa – svartehavsmetropolen som vart grunnlagt under Katarina den store i 1794, og som i 1905 var åstad for opprør som varsla slutten på tsarregimet, slik Eisenstein viste.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Kommentar

Tale til Bokma­ga­sinet i anledning 20-årsdagen.

Filosof Lars Fr.H. Svendsen jukser ikke – så lenge arbeidet er gøyalt.

Samtidens førende kvinnelige dramatiker fyller åtti og er aktuell med en tirade mot pengene.