DebattBondeopprøretNils Martin Seim, leiar Voss bonde og småbrukarlag
Me har to fagorganisasjonar i landbruket med forhandlingsrett i dei årlege jordbrukstingingane. Eg har vore eitrande forbanna på eigen organisasjon, Norsk Bonde- og Småbrukarlag (NBS) dei siste åra. NBS har i ei årrekke opptredd som Norges bondelag (NB) – light. NBS vil noko anna enn NB på mange område, men dei har gitt etter for press og vore med på endringane som har skjedd. Me har vore ein aukande mengde medlemmar i NBS siste åra som har stått opp på Landsmøte og sagt at nok er nok!