DebattVassdragKjell Harald Lunde, tidlegare deltaker i utgreiingsarbeid for BKK
Synnøve Kvamme, nestleiar i Naturvernforbundet, og Kåre Flatlandsmo, leiar i Voss naturvernlag, har i gårsdagens avis eit motsvar til kronikken der eg dokumenterer at skånsam kraftutbygging i verna vassdrag er mogleg. Dei avviser dette – og avslår kategorisk å sjå på somme verna vassdrag med friske auge. Kvifor er dei så redde for ei ny vurdering?