Aleksander Åsnes 18. apr.
Isbre Det er kanskje litt dumt, men for meg var det faktisk ei openberring då eg skjøna at det er brefalla som har vorte mykje mindre av klimaendringane, og at isbreane framleis er veldig store. Når du ser eit bilete med samanlikning som syner at ein isbre som har vorte mykje mindre dei siste femti åra, så ligg det altså framleis ein veldig stor isbre bak det vesle brefallet du ser på biletet. Det er ikkje meininga å underslå at isbreane vert mindre eller at klimaendringane er dramatiske, men det betyr jo at det vil vere mogleg å vandre på isbrear i Noreg så lenge alle som les dette er i live, og også lenge etterpå.
I sommar skal eg vere med på eit kurs i brevandring som varer i seks dagar. Eg har vandra litt på bre, og det kjennest som eit naturleg neste steg i livet å meistre dette til fulle. Det ville jo vere dumt om eg berre fekk bruke røynslene frå dette dyre kurset i nokre få år før breane var vekke.
Når ein vandrar på bre lyt ein ha ei isøks, og det har eg allereie. Den er litt stilig, men eg har likevel alltid sett med lengsel mot dei som har isøks med eit skaft av tre.