NÆRVÆR: Forsvarsminister Odd Roger Enoksen (Sp) seier Noreg så langt ikkje har sett nokon aukande russisk trussel mot norsk territorium. I spontanspørjetimen på Stortinget i går fekk forsvarsministeren spørsmål om Sveriges avgjerd om å auke det militære nærværet sitt på Gotland i Austersjøen som følgje av den auka spenninga ved grensa mellom Russland og Ukraina. – Det som skal til for at Noreg gjer det same, er at vi ser ein aukande trussel mot norsk territorium. Det har vi ikkje så langt sett, svarte Enoksen. Forsvarsministeren la til at Noreg har auka årvakenheita i nord og auka beredskapen på nokre avgrensa område som følgje av situasjonen. ©NPK
Du kan bla til neste sideBla med piltastene