«Pig» har meir å by på enn det hemnsjangeren rommar. Blant anna eit oppgjer med matjåleri.

Ettertrakta vare

SNUSAR SEG FRAM TIL GODSAKENE: Rob (Nicolas Cage) er trøffeljeger i Oregon og nyt ei herleg sopp-terte i godt lag med grisen Apple. FOTO: ANOTHER WORLD ENTERTAINMENT David Reamer

Til jul kom dokumentaren om «Trøffeljegerne i Piemonte», eit pasjonert portrett av gamle tradisjonsberarar i Nord-Italia. Filmen romantiserer (tilforlateleg) eit knippe eldre, herleg originale menn og deira trufaste hundar, som alle har halde på den tradisjonelle måten å hausta kvit Alba-trøffel på. Vel så viktig er det at karane held i hevd dei sosiale konvensjonane for å nyttiggjera seg den lokale delikatessa; respekten for sesong og natur, andre sine ferdigheiter, hundar og «jaktmarker». Dette krev stadig meir av dei stadig eldre jegerane, fordi trøffelen er blant dei aller dyraste og mest ettertrakta råvarene i verda, ein status som sjølvsagt har trekt til seg folk som både er viljuge til å bryta alskens lov- og moralgrenser for å oppnå høg og rask profitt – inkludert å sabotera andre sine hundar.

Kultur