Naturen ruvar framleis i forteljinga om Nikolai Astrup.

Det kontinentale Vestland

OVERVELDANDE: «Kollen» (1905–1906) har nesten eit sublimt uttrykk. ALLE FOTO: DAG FOSSE, KODE Dag Fosse / KODE

Midt i mørkaste midtvinter lokkar det gamle kunstindustrimuseet i Bergen med vår og sommar, og det i beste vestlandske prakt. Nokre isflak er rett nok å spore i den nye samleutstillinga med Nikolai Astrup, men for det meste lokkar bileta fram lyden av snøsmelting og fossebrus, knitrande jonsokbål og fuglesong.

Kunst