I møte med sinte og frustrerte barn kan det vere lurt å anerkjenne kjenslene og behova. Det kan føre til at barnet kjenner seg forstått og lettare vil handtere å ikkje få viljen sin. Men nynorskelevane treng ikkje først og fremst forståing og anerkjenning i utforminga av den nye opplæringslova. Dei treng læremiddel, læringsressursar og skriveverktøy på nynorsk.