Ukraina 26. aug.
Russland går etter sivile mål, Rønsen! I «Rønsen på fredag» 21. august kjem spaltist Arild Rønsen med ein påstand som er like løgnaktig som politisk sjokkerande. Fordi, mens Russland har auka missil- og rakettangrepa mot Ukraina, og konsekvent går etter sivile mål, skriv altså Rønsen følgjande: «Krigen i Ukraina er inne i sitt femte år, og både angriper og forsvarer ser ut til å ha mista av syne forskjellen på sivile og militære mål.»
Slik framstiller han imperialistmakta Russland og det angripne Ukraina som like ille i måten dei krigar på. Alle som følgjer nokolunde med i denne krigen, veit at det er løgn. Sidan eg ikkje mistenker Rønsen for ikkje å følgje med i nyheitene, ja, kva gjenstår da som unnskyldning for å spreie slike anti-ukrainske påstandar? Har Rønsen høyrt om «human safari»? I ukrainske nyheiter kan ein i dag lese om at russiske terroristar, posta ein skrytevideo som viste korleis ein drone jakta på ein syklande gut nær Kramatorsk, og drap han. Rønsen kan google grønsakhandlaren i Kherson som blei forfølgd av ein drone, han overlevde med store skader.
Gro Byrkjeland