«Jeg tror at Knut Arild ville gått inn i regjering med Frp i 2013 om han hadde hatt hår på brystet», skriv tidlegare leiar i Framstegspartiet Siv Jensen om forhandlingane med Kristeleg Folkeparti i den nye memoarboka. Tidlegare KrF-leiar Knut Arild Hareide seier til TV 2 at Jensen treffer blink. Han har ikkje så mykje hår på brystet, men det håret han har, brukte han på å ikkje gå i regjering med Frp. Det er slik vi kjenner han, ein vittigper mange liker, men få røyster på. Han gjekk av som partileiar for to og eit halvt år sidan då partiet ville gå til høgre. Etter det har vi fått eit skandaleintermezzo der Kjell Ingolf Ropstad har gjort partiet til det minste på Stortinget og snytt litt på skatten.