Hjartet

  • Den islandske fotballspelaren Emil Pálsson fall om med hjartestans under kampen mellom Sogndal og Stjørdals-Blink på måndag. Sju sekund etter dommaren vinka, var Sogndal-legen i gang med livreddande førstehjelp. Spelarane danna kringvern medan det medisinske personellet gjorde jobben sin, klubben rydda plass til ambulanse, og han vart flogen til Haukeland sjukehus i Bergen. Når noko slikt først skulle hende, var det godt det hende i Sogndal. For ti år sidan fall Carl-Erik Torp om med hjartestans under ein kamp på same stadionet og klubben fortel til Sogn Avis at sidan den gongen har dei hatt prosedyrar for korleis dei handterer slike situasjonar.

Dagboka