Dagboka

Kjedeleg

  • Du kan seie mykje om dei ulike konstellasjonane av borgarleg regjering som har styrt landet dei siste åtte åra, men det har ikkje vore ei kjedeleg regjering. Vi har hatt åtte justisministrar. To av dei dreiv med avisboikott, éin med avisbrenning. Ein tredje hadde ein sambuar som tente på bilen hans ved hjelp av raudsprit og ein hyssing ned i bensintanken, og ein fjerde hadde ein ulovleg tilsett au pair.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Dagboka

Sannhet

I helgen ble den 37 år gamle sykepleieren Alex Jeffrey Pretti skutt og drept av Donald Trumps føderale Ice-agenter i Minnesota. Han er den andre som har blitt drept av Ice i delstaten i januar, etter Renee Good. Drapene er sjokkerende, og enda mer skremmende er Trump-administrasjonens åpenlyse forvrenging av hva som har skjedd. Nå vokser motstanden i USA, men blant Trumps mest innbitte følgerskare slukes absolutt alt som kommer fra myndighetene, også når filmer av hendelsene viser at det ikke stemmer. Utrolig nok skjer dette også i Norge. På Facebook i går skrev Document-journalist Espen Teigen det som ifølge ham er en «nøktern og ryddig» beskrivelse av drapet på Pretti: «Underveis i operasjonen kommer Alex Pretti bort bevæpnet med en 9 mm pistol og to magasiner. Agentene forsøkte å avvæpne han.

Døydde

33 år gamle Daniel Dzik døydde onsdag kveld, melde Bergens Tidende i går. Avisa har tidlegare fortalt historia om den polske arbeidaren som fekk kroppen og livet knust på jobb i Norge. Daniel var ein erfaren stillasarbeidar. Han var tilsett i Beerenberg, som jobba for Equinor, på landes største oljeraffineri på Mongstad, då den fatale ulykka skjedde i januar i 2023. Daniel hadde på sikringsutstyr som skulle halda han om han mista balansen og fall, men det slitna. Dermed stupte han 23,5 meter ned i betongen. Sjølv om Daniels historie er unik, skriv BT, har det vore mange arbeidsulykker hos Equinor på Mongstad dei siste åra.

Hermetikk

Den legendariske fjellklatraren og filosofen Arne Næss var så glad i blodpudding på boks at han bestilte 185 hermetikkboksar med blodpudding frå Trondhjems då dei skulle slutte å produsere den på slutten av 40-talet. Boksane lagra han på hytta si Tvergastein, ved foten av Hallingskarvet. Eg har vore der, og det er ei enkel og vakker hytte på 40 kvadratmeter som ligg 1505 over havet og langt til fjells. Utan straum og vatn. Likevel skal Næss ha vore på hytta i til saman meir enn ti år i løpet av livet, og han skreiv ti bøker der. Familien hans har framleis nokre av boksane med blodpudding. Hermetikk var eit verkeleg revolusjonerande produkt då det kom på byrjinga av attenhundretalet.