Ketil Skogen kan i svaret sitt til meg 15. september i denne avisa ha rett i at det er mange underliggande fellestrekk mellom årsakene til mange av dei nyaste politiske protestrørslene i land av vår type. Men her stoppar likskapane. Skogen kan ikkje ha forstått sprengkrafta i konfliktlinja mellom sentrum og periferi i norsk politikk og den motmakta dei norske folkerørslene skapte.