Dagboka

Ramika

  • Året var 2012. Jenta var 19 år. Scenen var i et hemmelig lokale i Kabul. Hun så på publikum med et fast blikk. Hun var kontrollert. Samtidig ante vi raseriet som lå under, mens hun spyttet ut en strøm av ord på det afghanske språket dari: «Beshnaw!» het låta. «Lytt!» betyr det.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?

Dagboka

Milliard­sluk

Heile to milliardar kroner er brukt på prestisjeprosjektet Hordfast, ei ferjefri vegutbygging med ei bru på fem kilometer over Bjørnafjorden, ein dryg halvtime sør for Bergen. Og endå er det ikkje bygd ein centimeter veg for pengane, ifølge NRK. Det vil seia, minst to milliardar. For tala er frå i fjor vinter, og Samferdselsdepartementet har ikkje komme opp med oppdaterte tal til NRK. Og om det som kan bli verdas lengste flytebru nokosinne kjem over Bjørnafjorden, er høgst uvisst. I fjor var ikkje gigantprosjektet lenger prioritert då Stortinget rullerte Nasjonal transportplan, sjølve grunnboka for norsk samferdselspolitikk. Mens Statens vegvesen har stor tru på prosjektet, som dei meiner vil bli det mest lønsame vegprosjektet som finst i landet, vil andre helst setta ein endeleg punktum for det dei ser på som eit gigantisk sløseri, som mange tapar på. Ikkje berre vil vegutbygginga innebera årevis med høge bompengar for bilistane som skal bruka vegen – det vil også gå med store inngrep i naturen. Det som likevel synest som ganske sikkert for dei som har vore tilskodar til saka over tid, er at dei som jobbar for dette prosjektet, ikkje vil gi seg. Det er mange på Vestlandet som kjem til å slåst for denne brua og vegen i mange år endå, uansett kor langt ned på prioriteringslista dette prestisjeprosjektet kjem.

Velur

Då Jonas Gahr Støre la fram regjeringserklæringa til Støre-regjeringa på Hurdal hausten 2021, hadde han på seg ei dressjakke laga av stoffet velur, eller velours, som dei seier i Frankrike. Den same jakka har dukka opp stadig oftare dei siste vekene. Det kan verke som om Støres bruk av velurjakka aukar med humøret og stemninga rundt han. Støre har sagt at han kjøpte dressjakka for nokre år sidan fordi den minner han om studietida i Paris på byrjinga av 80-talet. Då prøvde president François Mitterrand å skape ein fredeleg veg til sosialisme i Frankrike, og den unge Støre skreiv i studenttidsskriftet ved Sciences Po at han aldri kunne tenkt seg å bli politikar, fordi ­politikken inneber å inngå kompromiss og dermed bryte med dei prinsippa ein har. I desse dagar tenkjer nok Støre sjølv at han er ein som har stått last og brast på sine prinsipp om norsk tilknyting til Europa ­gjennom EØS-avtala, og kanskje det er difor det er naturleg for han å no stadig kle seg i velurjakka som minner han om den unge og prinsippfaste Jonas Støre i Paris for meir enn førti år sidan. Historia om Jonas Gahr Støre er eigentleg ei tragisk historie, sa politisk ­kommentator Magnus Takvam, då meiningsmålingane synte at berre kring femten prosent ville røyste på Arbeidarpartiet. Det er nok òg ein sjanse for at historia om Støre blir ei lukkeleg og vakker historie til slutt.

Statlig

Rødt er bekymret for norsk oppdrettsnæring, der eierskap samles på stadig færre hender. Deres fiskeripolitiske talsperson Geir Jørgensen sier til nettstedet IntraFish at staten bør overta hele laksenæringen, slik at milliardnæringen kommer i fellesskapets hender. Et lignende forslag hadde FrPs Carl I. Hagen i 2013, men det ble ikke tatt seriøst. Om staten vil makte å kjøpe ut store eiere som Mitsubishi og John Fredriksen, er uvisst. Staten har også før vært aktør i oppdrettsbransjen, både som økonomisk redningsmann og eier. Blant annet var Statens kornforretning via Statkorn Holding AS fram til 2014 en stor aktør både innen opprett og produksjon av laksemat. De ekspanderte også til Chile, Canada og Skottland. I 2014 sa Nærings- og fiskeridepartementet ja til at staten skulle ut, og statsselskapet Cermaq ble da solgt til japanske Mitsubishi. Om Rødt mener staten og fellesskapet må overta der privat eierskap havner på få hender, vil partiet få nok å sysle med.