Åh, Leine

  • Den dansk-norske forfattaren Kim Leine debuterte med boka «Kalak» i 2007. Då var han 46 år gamal og kom ut av skodda og sette seg ned for å skrive ein erindringsroman, midt i den tida røyndomslitteratur breidde om seg. Leine vaks opp i ein Jehovas vitne-heim i Seljord i Telemark, men rømte som 17-åring til faren i København. Der vart han seksuelt misbrukt av faren og sambuaren. Han flytta etter kvart til Grønland med kone og barn for å jobbe som sjukepleiar. Der prøvde han å bli ein grønlendar, omfamne identiteten, og tittelen på boka speler på nett det. Han veksla mellom familieliv og grønlandske kjærastar og han byrja med eit alvorleg stoffmisbruk.

Dagboka