«Då var det meg og deg, Trygve.» Fredrik Solvang snur seg vekk frå dei andre partileiarane og går roleg bort til Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum. Det er heilt stille i salen, og NRK har skrudd opp volumet på mikrofonen som fangar lyden av dei blankpolerte skorne til debattleiaren som møter golvet. «Du seier du er så glad i kommunar», seier han og skular litt. «He, he, he. Ja, jeg er jo det. He, he, he. Tjenester nært folk, vettu’», svarar partileiaren. «Det er no 356 kommunar her i landet. Gjennom kommunereformer vart 119 kommunar til 47 nye. Rams opp kommunane som vart nedlagt i reforma», seier Solvang. Vedum mumlar litt og prøver å kome inn i melodien han bruker for å hugse kommunane. «Andebu og Stokke, Lardal, Rissa, Rygge. Askim, Eidsberg, Trøgstaaad.» «Du hoppa over Spydeberg og Hobøl. Det er tjue armhevingar», seier Solvang.
Den strenge læraren har vorte programleiar.