Ja, ja

  • 59 prosent av sogningane og fjordingane vil ha tilbake gamlefylket Sogn og Fjordane etter samanslåinga med Hordaland til Vestland fylke. Det viser ei ny meiningsmåling Infact har gjort for avisene Sogn Avis, Firda og Firdaposten. 34 prosent meiner at Vestland fylke bør bli verande som no. På den eine sida ei ganske klar melding frå folket om at dei ikkje vil ha samanslåinga. På den andre sida er førebels siste løypemelding frå ein søkkjande tendens. I februar målte dei det same spørsmålet, og 63 prosent ville ha tilbake gamlefylket. I desember i fjor ville 70 prosent det same.

Dagboka