Dagboka

Ørsta

  • nnI dag er Sp-sjef Trygve Slagsvold Vedum i Ørsta. Der skal han mellom anna snakke om småkraft og liberalisering av drosjenæringa. Og han skal køyre amerikanar. Ørsta er, i skarp konkurranse med Bø og Notodden, Noregs rånehovudstad. Også Frp-leiar Sylvi Listhaug tok seg ein tur på rånestripa i Ørsta i sommar. «Råning er kultur», skreiv ho på Instagram under eit bilete av seg sjølv glisande i baksetet til ein heilt ekte Ørsta-rånar. nn «Det tek ein time å gå ned til Ørsta rådhus», syng Ørsta-rappar Sirkel Sag, og slår fast at «det e longt ifrå her». For Vedum sin del kan ein legge til at det er enda lengre frå Groruddalen, der Vedum har brukt tid i det siste, til Ørsta rådhus, der Sp-ordførar Stein Aam held styr på sin lokale valkamp. I Ørsta er det kanskje ikkje så mange som bryr seg om Jan Bøhler, eller kor NRK skal ligge. Fleire aviskommentatorar har spekulert i om Sps fall på målingane heng saman med at partileiaren har brukt mykje tid i Oslo. Kvifor vart distrikta sin mann plutselig så oppteken av hovedstaden? nn Analysen til Sp er i utgangspunktet god: Avstand til makt handlar ikkje berre om geografi, den handlar om sosial ulikskap. Ap på sitt beste er også klar over dette. Avstanden frå Groruddalen til Oslo rådhus er lang for mange. Men frustrasjonen ute i distrikta er truleg altfor sterk til å romme solidaritet med slitarane frå Oslo aust.Sjølvsagt har ikkje Vedum vore i Oslo heile valkampen. Han har reist land og strand, og i dag er han altså i Ørsta. Men det er oppsiktsvekkande at han vel å gi ut bok saman med Bøhler midt i valkampinnspurten. Inntrykket blir fort at Sp satsar stort i Oslo. Det skuggar for den knallharde brodden mot hovudstaden som Sp har vokse seg store på. Enno er det eit par veker igjen av valkampen. Vedum får setje seg i amerikanaren og gje full gass.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Dagboka

Terning

Etter partileiardebatten torsdag kveld i Arendal stod media klare med terningane. VG utpeikte debutanten Ine Eriksen Søreide (H) som kveldens vinnar og gav ho fem, mens Dag Inge Ulstein (KrF) fekk to. TV 2 gav Guri Melby (V) ein, mens Sylvi Listhaug (Frp) fekk seks. Mens det i Nettavisen var Raudt-leiar Marie Sneve Martinussen som fekk seks. Klassekampen har brukt sommaren til å trilla terning over innsatsen til statsrådane, mens landslagsspelarane fekk terningkast under sommarens store VM-fest. På mange arenaar i samfunnet skal innsatsen vurderast og premierast. Barn blir stadig oftare premiert for innsats, er mitt inntrykk.

Sannsynlig

Sannsynlighet er rare greier. Om mengdene blir store nok, blir ting man tenker er helt umulige ganske sannsynlige. Derav tankeeksperimentet om at dersom du har uendelig mange aper med skrivemaskiner, som skriver i uendelig lang tid, vil de før eller siden produsere Shakespeares samlede verker. Men det finnes jo også faktiske eksempler: Amerikaneren Brady Feigl er 1,93 høy, har kraftig rødt skjegg og bruker briller. Han er kaster (pitcher) på et amerikansk baseballag. Da han skulle ta en armoperasjon hos en lege i Cedar Rapids, Iowa, fant han ut at samme lege hadde en ANNEN pasient ved navn Brady Feigl. Som er 1,93 høy, har kraftig rødt skjegg og bruker briller.

Hundeliv

Veldig få som lever på sosialhjelp eller lav trygd tør å snakke offentlig om sine erfaringer. Jeg skjønner hvorfor. Gina Skårdal, som lever på minstesats uføretrygd grunnet sykdom, skrev nylig et leserinnlegg om å leve i fattigdom i Telemarksavisa. Hun har en hverdag hvor hun ofte må hoppe over middag for å spare penger. En nødvendig tannlegetime skyves stadig fordi hun ikke har råd. Hun har måtte selge ting hun er glad i, som bunaden sin, for å dekke uventa utgifter. Skårdal har fått mange positive reaksjoner, men også blitt møtt med mobbing.