Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ørsta

  • nnI dag er Sp-sjef Trygve Slagsvold Vedum i Ørsta. Der skal han mellom anna snakke om småkraft og liberalisering av drosjenæringa. Og han skal køyre amerikanar. Ørsta er, i skarp konkurranse med Bø og Notodden, Noregs rånehovudstad. Også Frp-leiar Sylvi Listhaug tok seg ein tur på rånestripa i Ørsta i sommar. «Råning er kultur», skreiv ho på Instagram under eit bilete av seg sjølv glisande i baksetet til ein heilt ekte Ørsta-rånar. nn «Det tek ein time å gå ned til Ørsta rådhus», syng Ørsta-rappar Sirkel Sag, og slår fast at «det e longt ifrå her». For Vedum sin del kan ein legge til at det er enda lengre frå Groruddalen, der Vedum har brukt tid i det siste, til Ørsta rådhus, der Sp-ordførar Stein Aam held styr på sin lokale valkamp. I Ørsta er det kanskje ikkje så mange som bryr seg om Jan Bøhler, eller kor NRK skal ligge. Fleire aviskommentatorar har spekulert i om Sps fall på målingane heng saman med at partileiaren har brukt mykje tid i Oslo. Kvifor vart distrikta sin mann plutselig så oppteken av hovedstaden? nn Analysen til Sp er i utgangspunktet god: Avstand til makt handlar ikkje berre om geografi, den handlar om sosial ulikskap. Ap på sitt beste er også klar over dette. Avstanden frå Groruddalen til Oslo rådhus er lang for mange. Men frustrasjonen ute i distrikta er truleg altfor sterk til å romme solidaritet med slitarane frå Oslo aust.Sjølvsagt har ikkje Vedum vore i Oslo heile valkampen. Han har reist land og strand, og i dag er han altså i Ørsta. Men det er oppsiktsvekkande at han vel å gi ut bok saman med Bøhler midt i valkampinnspurten. Inntrykket blir fort at Sp satsar stort i Oslo. Det skuggar for den knallharde brodden mot hovudstaden som Sp har vokse seg store på. Enno er det eit par veker igjen av valkampen. Vedum får setje seg i amerikanaren og gje full gass.