På benken til fysioterapeuten låg ei middelaldrande kvinne i undertøyet og fekk den såre ryggen sin knadd av kunnige nevar. Tankane for vide, svevde over hav og skog og snødekte fjellvidder, og blei til ord om kor vedunderleg verda ville bli om me stelte finare med henne, særleg ved å vera meir varsame i måten me bruker naturressursane på.
Altfor mange går frå sans og samling ved tanken på mindre forbruk.