Helge Torvund er sensualist. Det betyr: Det ligg ei fysisk oppleving av tilværet som utgangspunkt for dei poetiske refleksjonane hans. I dette er han heilt motsett den meir konvensjonelle, poetiske opplevinga, som er inspirert av fenomenologien, der sansinga skjer over ein avgrunn som skil det einskilde, og einsame, mennesket frå verda ikring seg.
Jubilant: Helge Torvund har eit sterkt menneskeleg nærvær og eit nærmast fullstendig musikalsk gehør i diktinga si.