Mens båten med dei nye gjestene nærmar seg ferieøya, står hotellpersonalet og ventar med velkomstsmilet klar. Kunsten er å verka hjarteleg på ein vag og upersonleg måte, forklarer sjefen til den nye lærlingen. Det gjeld om å løyna seg bak ei profesjonell maske og framstå som ein friksjonsfri, utskiftbar hjelpar som behandlar gjestene som tandre einebarn og gjev dei eit uspesifisert inntrykk av at dei kan få kva som helst.