Er det 66 eller 44 prosent som er positive til EØS-avtalen? Denne sommaren har det kome to målingar om kva nordmenn meiner om EØS-avtalen mellom Noreg og EU. Den eine gjort for Klassekampen og Nationen, den andre for Norsk utanrikspolitisk institutt (Nupi). Begge målingane er gjort i slutten av mai, sjølv om den siste ikkje er omtalt før NTB gjorde det i går: Klassekampen sin i perioden 25. til 31. mai og Nupi sin i perioden 21. til 25. Meiningsmålingsbyrået Sentio har gjort begge målingane.