Ikkje nok med at passorda for å logga på PC-en var blåst ut av minnet i løpet av sommarferien, borte var også bistands- og utviklingsministeren: KrF-mannen med fortid frå bypolitikken i Bergen. For augeblinken er det fremste minnet av han ein opptreden på NRK Debatten i vår. Då snakka han om innsatsen Noreg la ned for å sikra fattige land vaksinar.