Alt Lin-Manuel Miranda tar i, ser ut til å bli til gull, så det er ikkje anna å venta enn at også barnefilmprodusentar vil ha ein bit av musikalkomponisten og -artisten. «Vivo», om cubanske musikarar og innvandrarar til Florida, er til liks med Mirandas debutmusikal «In The Heights» (som også nyleg vart lansert i filmversjon) ei feiring av latinokulturen i USA, og filmen er basert på ein idé Miranda prøvde å selja inn til Hollywood for rundt 15 år.
Tematisk aktuell animasjon som ikkje kjem heilt i mål.