Solveigs salt

Tru på pengar

Ein har ikkje bruk for ein tsunami fordi om ein held på å tørsta ihel

Sist måndag var framsida på Stavanger Aftenblad illustrert med det alvorlege ansiktet til ein tidlegare kiropraktor: «Han ble plutselig veldig rik – men livet ble ikke rikere». Inni avisa var det eit tosides intervju om korleis det gjekk då han selde klinikken sin: Han stod att med 78 millionar og elles ingenting. Tapet av dei rammene som han tidlegare hadde kring livet, særleg kontakten med pasientar og medarbeidarar, gjorde han trist. Så gav seg inn på aksjemarknaden, og no har han igjen fått noko å stå opp klokka fire om morgonen for. Og så har han kjøpt to fine bilar som han alltid har ønskt seg.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Solveigs salt

God dotter

Eg ser tilbake på eit liv rikt på venskap og kjærleik, arbeid og leik. Men der har òg vore mykje overanstrenging som braut meg ned til inga nytte. Derfor skulle eg ønskja at dei som var eldre enn meg, hadde levert ei brukarrettleiing for livet basert på erfaring og moralsk ansvar, i staden for å gni nasen min i menneskefiendtleg familieideologi. Ein laurdagsmorgon utpå hausten i 1978 banka det på døra. Det var ei uhøveleg tid for besøk, eg var trøytt etter ei travel arbeidsveke og dessutan gravid, og dei to kvinneansikta som stod klinte opp i glasruta, representerte eit krav som eg såg meg dårleg i stand til å innfri. Hadde det berre vore Jehovas vitne som ville overrekkja meg ei bok med gullskrift, kunne eg ha sendt dei av garde med eit venleg ønske om betre lukke annan stad, og vridd nøkkelen om i låsen så dei høyrde det. Men med mor og moster mi ståande på dørmatta slutta døra med å vera eit vern mot kaos og rann bort som vatn. No var ikkje dette kva som helst moster, men sjølvaste supermoster, den snillaste og festlegaste i heile slekta, ho som eg hadde feriert hos i barndom og ungdom og skulda alt godt for resten av livet. Hadde ho kome aleine, hadde ho fylt huset med lys og varme.

Vendepunkt

Ingen frå barndomsheimen min levde til dei var syttiåtte, og i sommar fylte eg syttisju. Det gjer dette året ganske spennande. Ikkje berre rykker døden stadig nærare: Dersom eg er i live til neste fødselsdag, vil eg ta det som ei symbolsk stadfesting av at same kor sterkt dei insisterte på fellesskap i lagnad og liding, var eg aldri ein av dei, i alle fall ikkje etter 1970, då familien eksploderte og eg flytte på hybel for første gong. På den tida kunne mor og far òg fått ein ny start. Begge to var framleis i førtiåra, og hadde dei fått støtte og rettleiing frå erfarne folk, skulle dei nok greidd å ordna seg med hus og arbeid kvar med seg. Som det no var, berre dumpa dei seg på storesøster mi og mannen hennar, som hadde nok å stri med frå før, og overlét det til dei å skapa ei ny ramme for tilværet, eller rettare sagt, å reparera den gamle så pass at det kunne sjå ut som eit verdig liv. Det vil seia at mor flytte saman med mormor, formelt for å hjelpa henne i alderdomen, i realiteten for å halda fram med den same krangelen som ho hadde hatt med far, mens far kom på legd hos søster mi. Dei skjøna nok at eg var på veg ut or maktsfæren deira, og det var sikkert ikkje utan sjølvforsaking at dei gav meg eit tilbod som eg ikkje kunne seia nei til: Eg og den nye kjærasten min skulle få bu saman i det huset som stod tomt etter farmor og farfar.

Små søsken

Den kvithåra mannen såg stø og trygg ut der han sat og fortalde om kor hyggjeleg det var å henta barnebarna i barnehagen. Så med eitt brast han i gråt fordi det eine, ein stor og tung gut med Downs syndrom, støtt gjekk til åtak på veslesøstera. Verken foreldre eller besteforeldre visste noka råd med det, for dei hadde jo alltid høyrt at barn med Downs var så snille. Det anstrengte dei seg av all si makt for å tru framleis, og bestefaren tørka skamfull bort tårene og snufsa at det var vel i grunnen hans eiga skuld. «Vi har en liten søster, vi har en liten bror, som er litt annerledes enn andre barn på jord», står det i eit dikt av den fine lyrikaren Inger Hagerup som den herlege skodespelaren Wenche Foss ofte sa fram, med ein varme som kunne smelta stein. Ho hadde sjølv vore mor til ein av dei som kjem til verda med mindre handbagasje enn folk flest, og visste kva ho snakka om når ho bad oss alle gje dei glede til siste båt skal gå. Men det kunne nok òg få oss til å tru at berre me vinn over våre eigne fordomar, er det medvind heile vegen fram. Halldis Moren Vesaas har òg skrive klokt og kjærleg om einsamflygarar og andre avvikarar.