Nesten kvar tredje innbyggjar på Grünerløkka røystar på Miljøpartiet Dei Grøne, men i resten av landet slit partiet med sperregrensa. Bør MDG sjå til Løkka for å finne løysinga?

DEN GRØNASTE STADEN I LANDET

STOR OG BLÅ, GRØNN SOM FÅ: Ein gong i tida var Grünerløkka eit av dei mest markante industriområda i Noreg. No er det den staden i Noreg der Miljøpartiet Dei Grøne står aller sterkast. Marthe A. Vannebo

Birkelunden ligg heilt øvst oppe på Grünerløkka og er ein av dei eldste parkane i Oslo. Den styrtrike forretningsmannen Thorvald Meyer donerte den grøne flekken til Oslo i 1880-åra, på det vilkår at kommunen tok vare på bjørketrea som stod der og lét parken vere fritt tilgjengeleg for dei fattige industriarbeidarane i området.