Ukraina

  • I 2019 vedtok Ukraina ei språklov som skulle sikre auka bruk av ukrainsk framfor russisk. Etter det kunne ein del yrkesgrupper, som legar, lærarar og offentlege tenestepersonar, få bøter om dei ikkje brukte ukrainsk. Det er også krav om mengd av ukrainske songar på radio. Ukraina er i ein skvis. Russland presser dei frå å nærme seg Europa, og Ukraina sjølv vedtek lover som minskar tilgangen andre minoritetar i landet, som ungararar og rumenarar, har til å få undervising på sine språk. Meininga er å styrke det ukrainske språket, og på vegen dit gjer dei naboane til både aust og vest forbanna. Landet vert i tillegg avfolka: låg fødselsrate, fråflytting og lite tilflytting.

Dagboka