«Bergen er ikke en by for pyser», les eg i Bergens Tidende. Det var rart, for det bur ein haug med pyser her. Argumentet til sjefredaktør Frøy Gulbrandsen i teksten som er full av klisjear og meint som ein slags reklame for kåringa avisa har av Bergens beste ditt og datt, er at Bergen ikkje er ein by som stryk deg medhårs. Sikkert fordi folk masar og det regnar mykje. Ironisk nok står det i ein tekst som stryk medhårs. Før helga hadde jubileumsfilmen «Bergen – i all beskjedenhet» oslopremiere. Vika kino vart døypt om til Viken, og bogekorps tromma ved den raude løparen. Medhårs.