«Jeg vil for helvete definere selv hvem jeg er!» skreiv filmskapar og komponist Elle Márjá Eira i Norsk Filmforbunds nettmagasin Rushprint (29.05). I vår har det gått ein intens, men hovudsakleg bransjeintern debatt om definisjonsmakta over samisk filmkultur, der den tydelege underteksten er ein både historisk djupare og politisk breiare konflikt mellom urfolksrettar og statsmakt.
Kven skal definera samisk kultur og tena pengar og ære på det?