Australsk spelefilmdebut med sjeldan vellukka og spenstig overføring av teaterdrama til lerret.

Heilt rein kjærleik og død

KATALYSATOR: Den narkomane Moses (Toby Wallace) snur opp ned både på familielivet og sjølvforståinga til Milla (Eliza Scanlen) i filmen «Babyteeth». FOTO: EUROPAFILM

Romantiske «komediar» treng ikkje å vera sukkersøte fantasiar. Regissør Shannon Murphys festivalhylla, sjangerkryssande spelefilmdebut skildrar den første forelskinga som ein heller røff affære. Den velordna, men alvorleg kreftsjuke sekstenåringen Milla (Eliza Scanlen) fell bokstavleg hovudstups for den eldre Moses (Toby Wallace) – ein like energisk som upåliteleg rusmisbrukar, som er kasta ut heimanfrå av mor si.

Kultur