I Agder? Eller på Agder? Begge delar høyrest, og begge delar er korrekt. Den kunnskapen må alle i NRK Sørlandet ha. I Agder er i dag administrativ omtale av dei tidlegare fylka Vest-Agder og Aust-Agder. (Alle fylkesnamn, utan unntak, skal ha preposisjonen ‘i’.) På Agder er den historiske, hevdvunne kystregionen og eit stykke innover, med unntak av dei inste bygdene og Setesdal. ‘På Agder’ er altså vesentleg mindre enn ‘i Agder’!
Frå kråkekvardag i Flekkefjord til hotellnamn i verdstoppen.