Vilde Iris Hartveit Kolltveit frå Arna – betre kjent som iris – har lenge vore eit namn å rekna med på den bergenske, og etter kvart norske, popscena. Fyrst som del av duoen Hage med Veronika Heilund, så som soloartist: I 2019 blei ho Årets urørt på P3, turnerte med Aurora, lanserte debut-EP-en «A Sensitive Being» og etterfølgande «Femme Florale» (pluss for fin tittel).