Eg har aldri forstått kvifor kvinnelege akademikarar ikkje kastar seg over Iliaden. For sjølv om kjønnsrollene er nokså tradisjonelle i det menneskesamfunnet som blir skildra der, har gudinnene minst like stor makt som gudane. Og sidan dei homeriske verka er nesten tre tusen år gamle, og handlinga er lagd til bronsealderen endå lenger tilbake, er dei eit fullgodt bevis på at ideen om likestilling er like gamal som kulturen sjølv. Det patriarkatet som herskar både i Bibelen og på universitetet, framstår såleis som ein samfunnssjukdom av nyare dato.