Heitt i The Heights

PUERTO RICO I NUEVA YORK: Det er straumbrot på den heitaste sommardagen i New York, men Anthony Ramos’ Usnavi er full av energi.FOTO: SF NORGE Macall Polay

Multitalentet Lin-Manuel Miranda ville nok gjort seg gjeldande i amerikansk kultur uavhengig av samfunnsmessige omstende, men den puertoricansk-ætta dramatikaren, nytenkjande komponisten, syngande skodespelaren og politiske aktivisten er også rett mann til rett tid. Miranda har tilført ei ny innanfråtolking av den latinamerikanske minoritetserfaringa i USA, og det i det prestisjeformatet som alltid har samla næring frå ulike immigrantkulturar til eitt amerikansk uttrykk: Broadwaymusikalen.

Film