Det var først som vaksen eg fekk augo opp for barnebøker. Dei handlar stort sett om alt det fine i verda og så er dei korte og lettlesne. Eg kan ikkje tenkje meg noko meir imponerande å skrive for barn på ein måte som gjer at vaksne kan lære av det. Ein kamerat av meg kjem med ein ny roman i vinter og dottera hans spurte om det var ei barnebok eller vaksenbok. Det er ei barnebok for vaksne, svara han. Det føler eg er sjangeren verda treng.