Så tidleg som i 1966 gjorde eg teneste som bataljonslege i FN sin fredsbevarande styrke i Gaza. Ralph Bunche, på den tida visegeneralsekretær i FN, og tildelt Nobels fredspris i 1950, var nokre dagar innlagd ved klinikken vår. Under rekonvalesensen gav han oss eit fyldest-gjerande samandrag av røynslene som mediator i konflikten mellom arabarar og jødar. Om palestinaflyktningane sa han mellom anna: «Desse menneska trur verkeleg at dei vil koma heim att». Kva ville han sagt i dag?