Urfolk blir med ujamne mellomrom interessant for den kommersielle filmbransjen i USA og Europa, som ei kjelde til «nye» filmforteljingar og -miljø. Tematisk har slike filmar vore gjennom ei historisk utvikling frå sensasjonslysten eksotisme, via antikolonialistiske motiv, til ei nyvekt interesse for jordas truga kultur- og naturmangfald. Den siste kategorien femnar også barnefilmen «Ainbo – Amazonas’ vokter», som ublygt marknadsfører seg med referansar til Disneys «Vaiana» og «Frost», og som blir distribuert på norske kinoar med både norsk og samisk versjon. Diverre når ikkje den peruansk-nederlandske produksjonen opp til Disneys nivå i teknisk eller kunstnarisk animasjonsbriljanse. Meir leit er det likevel at filmskaparane har lært å kopiera dei mest generiske karakter- og historiesjablongane frå Hollywood. Det er berre å sjå Disneys siste, «Raya og den siste dragen» (2021).
Trugsmåla mot Amazonas er mange, men er magi løysinga?