På tide å vakna opp, Norge!

BAK OPPRØRET: Om det ikkje er du som byter ut kalenderen med yr.no, ser på sola i staden for klokka og får løn etter vêr og vind, har du heller ikkje kjent realitetane av å driva jordbruk i Norge, skriv forfattaren. Her frå kålplanting i Sylling. FOTO: SIV DOLMEN Foto: Siv Dolmen

Brått har fokuset på eksamenslesing heller blitt retta mot jordbruksoppgjeret. Resultatet av dette er meir avgjerande for framtida mi enn om eg står på eksamen. Det er brot i forhandlingane og bønder over heile landet aksjonera. Årets aksjonar handlar om framtida til norsk jordbruk. Landbruksutdanninga mi står i fare for å bli like nyttig som snøkanonar i Sahara. Skal eg høyra på råda eg får bør eg endra utdanningslaup. Unge blir råda frå å satsa på yrket me alle er avhengige av, kvar einaste dag. No må Norge vakna!

Debatt