Det er kome ei rekke forteljingar frå gravide kvinner under koronapandemien som gruer seg til fødselen i frykt for å føda aleine. Også under konsultasjonar, ultralyd og oppfølging gjennom svangerskapet må den gravide stilla aleine. Kvinneklinikken ved Haukeland sjukehus i Bergen er blant dei som har strenge reglar. I dag må far eller partnar venta ute til fødselen er i gang. Men ingen skal føda aleine. Den fødande får ha med følge under sjølve fødselen og kan få besøk i visittida i dagane etter fødselen.