Ikkje lenge etter eg fekk sertifikatet, var eg på køyretur gjennom Lisboa og fann meg midt i ei rundkøyring med åtte felt og lyskryss inne i rundkøyringa. Eg var mest vant med å køyre gamlevegen til Seim. Etter kvart har eg fått augo opp for kunsten det er å lage ei god rundkøyring. Den magiske rundkøyringa i Swindon, til dømes, som er fem små rundkøyringar rundt ei større dronningrundkøyring. Eller rundkøyringar inne i tunnelar, som i Vallaviktunnlen ved Hardangerbrua.