Reven

  • Ein sommardag i 2014 var ein gardbrukar på Jæren på kveldstur med den 13 månadar gamle border collien sin. Dei gjekk opp på ein knaus og ned mot sjøen for å fiske. Då kom det ein firehjuling køyrande mot dei. Sjåføren tok fram hagla han hadde på ryggen og skaut hunden Tønes. Først i låret, så hunden skreik av smerte, og så i magen, så han døydde. Sjåføren meinte Tønes skremde sauane hans, og seier han har skote hundar før og vil gjere det igjen om dei uroar sauane. Nokre dagar seinare møtte over 1000 menneske i minnemarkering for Tønes på stranda han vart skoten.

Dagboka